Forsenget

| 1-50 | 51- 95 | 96-147 |

Gnr-04

| A-D | E-H | I-L | M-R | S-Å |

Historie Brukere Bilder Rettelse av bok Kontaktsperson

 

Historie

Forsenget ligg på sørsida av Dalselva, litt på sand og mest på leirgrunn, med innmark mot sjøen og elva. Namnet er Forsenget (førs'enne, - engje), » F. Det er to fossar i elva nordaust for garden, Sjøforsen (sjy'fårsen) nedst og Brubakkforsen ovanfor. F. kan ha vori enge under ein annan gard, truleg Kjelddal. Skrivi «Foseng» 1610, 1630, «Posenng» 1625, 1637, 1642, «Foss Enge» 1648, «Forseng» og «Forsenget» i 1666 og seinare.

Grensa i vest mot gnr. 3 Hesjevika går i bein line mot sør frå sjøen litt sørvest for Forneset.

Grensa i aust mot gnr. 5 Kjelddal går frå elvekroken aust for F. innunder bakken mot sørvest, nedanfor Oldennoen, over Mosehaugen på fjellaksla i sørvest og litt ned i lia på sørsida (i Stormatstudalen). Heile gardsområdet er på oml. 1150 dekar.

F. er nemnd i 1610, men ikkje i 1567, og er truleg rydda mellom desse åra. Eitt bruk til 1646, sidan to jamstore bruk til 1916, bortsett frå 1697-1704,  då det var eitt. Dei to bruka har heile tida stått i eitt tun, som no ligg oml. 600 m frå sjøen. På begge seier dei Bortistuen om det andre.

Bnr. l vart delt i 1916. Det nye bruket, bnr. 4 Forsenget nordre, beiter frå 1935 Forstand.

Innmarka var noko teigbytt før jordskiftet 1889-90, då bnr. l fekk sitt samla øvst og bnr. 2 nedanfor mot sjøen. Både i 1803 og 1840 vart det klaga over at elva tar med seg jord der ho renn i sjøen,  særleg på stor flo. Sjøen har eti vekk mykje land, såleis er mest tre husmannsplassar vekkgravne sidan 1840-åra. Heilt til vegen kom i 1922 grov sjøen ut mykje av leira her. Akemamn: Heklamyra (tett skog i gamle dagar), Neplandryggen, Rotåkern, Sanden, Skogsåkern, Timrabakken.

Utmarka. Sams hamnegang. Skogen er teigbytt frå gamalt (frå før 1840). Skog om lag til husbruk, i allfall brenneved.

Kvernar. Det må ha vori kvern el. mølne i Mølnhusdalen sørvest ved sjøen, der landet har fått namnet Mølnhusmarka. I 1723 hadde F. kvern til «gaards fomødenhed». I 1774 bet. brukarane 16 sk. kvernskatt kvar og må ha hatt gode kvernar, som dei mol åt andre med (Hesjevika, Øygarden, Stien og Nerdal hadde ikkje kvemar). I 1803 to bekkekvernar. I nyare tid kvemar i Brubakkforsen i Dalselva. 1/8 1853 vart Ola Abelsa innkalla til forliksrådet av Mikkel Mikkelsa for å ha minka kvemvatnet til den siste med å sprenge i kvernvassrenna for å auke sitt eige kvernvatn. Forlik om at Ola skulle endre renna så begge fekk like mykje. Kvar skulle ha si renne, mølne og mølnstø som før og skulle gå likt om å halde dammen i stand.

Naust hadde begge bruk i Forneset til ikr. 1830. Sidan hadde bnr. 2 sitt ved Mølnhusmarka og bnr. l sitt innafor Forneset.

Landhandel i F. sidan 1875, postopneri frå ikr 1920.

Husmannsplassar. I 1840 var det ein husmann, som sat på ein rydningsplass under begge bruk og svara 3 dagar pliktarbeid til kvar for året. Husm. åtte husa sine. Dette var truleg plassen Erikheimet, som låg i ei lita vik 200 - 300 m utafor Mølnhusmarka og var i bruk til 1880-åra. Sjøen grov ut jorda her, så husmannen fekk ny plass på Brubakken aust for garden. I Mølnhusmarka på sørvestsida av ein bekk ved sjøen sørvest for innmarka var to husmannsplassar. Inst, med husa oml

200 m frå sjøen var ein pl. u. bnr. l oml. 1863-1927. Tett ved sjøen lenger vest var ein pl. u bnr 2

frå oml. 1849 til framimot 1900. Husm. fekk ein gong ny plass lenger innpå, då den gamle vart utgraven av sjøen. Likevel heldt fjøsen på å ramle ut. Her er det no ei rad festetomter ut mot sjøen

Sjå foto ved Stien, s. 35.

Forneset (får'- el. før'nese) ved sjøen vel 1,5 km vest for garden var husm.pl. u. begge bruk frå ikr

1860 til 1906, då plassen vart selt til småbruk, bnr. 3. Frå 1950-åra berre tomt. Jamb. og tankanlegg har tatt det meste av jorda.

Jordvidde og husdyr i dag: Bnr. l: l mål åker 70-80 mål dyrka og 20 mål nat. eng, 400 mål skog, l ku, l gris og eit par høns. Bnr. 2: 6-7 mål åker, 50-60 mål dyrka eng, 100 mål skog, l hest, 5-6 kyr, 7-8 sauer. Forneset hadde ei tid 100 mål skog, 5-6 mål åker, 40 mål dyrka og 30 mål nat. eng, l ku og l gris.

Matrikkelgarden Forsenget, gnr. 4.

Skyld 1648: Wi pund fisk. 1661: 4 pund, gl. matr.nr. 89. 1668: 5 pund fisk. 1823: Skrinn og mager jord, men temmelig årviss. Skog til brensel. Framl. om å auke skylda til 6V2 pund. 1803: «Middelmaadig» jordbotn, utsett for elvebrot. «Fornøden» brenne, noko tømmer. 1838: Nytt matr.nr. 150 Inr. 292 a-b, skyld: 2 dal. 2 ort 18 skill. 1865 (bruka jamstore, til såman): 64 mål åker, leirbåldig jord, til dels vassjuk. 600 mål england, leirh. jord. Hamnegangen «middelmaadig». Skog til husbruk, tang til hjelpefor, vassfall til mølnbruk. Utsett for at land av heimemarka fell i sjøen. 1891: Gnr. 4, skyld: 6,44 skyldmark.

 

Buskap og utsæd (i tønner).

 

 

Hestar

Storfe

Sauer

Rug

Bygg

Bl.k

Havre

Poteter

1723

2

16

32*

0

0

1845

2

15

25

1

4

2

1

9

1865

2

18

24

½

0

25½

 *) småfe i 1723, dvs. sauer og geiter.

Buskap og utsæd bruksvis i 1865.

 

Hestar

Storte

Sauer

Rug

Bygg

Havre

Poteter

Bnr. l:

1

7

10

¼

½

8

Mølnhusmarka:

0

1

0

0

0

0

2

Erikheimet:

0

1

1

0

½

0

2

Bnr. 2:

1

7

10

¼

3

1

10

Mølnhusmarka:

0

1

1

0

¼

0

Fomeset:

0

1

2

0

1

0

2

 

Folketal.

 

Husbondsfolk

Kårfolk

Tenarar

Husmannsfolk

Innerstar

1801

6

1

6

0

0

1865

13

0

4

18

1

 

Ein av husmannsfolka i 1865 var kårmann. I 1666 var det to menn (brukarar) og 5 gutar (søner) i alderen 4-18 år.

 I 1701 ein brukar, ein vaksen son, l vaksen dreng og to drenger under 20 år.

 

Eigarar.

F. hørte frå gamalt til Alstahaug prestebol. Selt til brukarane 1841-42,  bnr.  l i 1842 for 435 spd.,

bnr. 2 i 1841 for 200 spd. Dessutan årleg jordavgift av begge.  (7 skjepper 11/2 fjerdingkar sædebygg av kvart bruk.) Sidan sjølveigarar, bortsett frå bnr. l i 1863-1872, då brukaren der var bygselmann.